

Årsmøtet for Hafslo IL vart gjennomført på tradisjonelt vis på Eikum Hotell torsdag 13.februar 2025.
Årsmøtet starta med gjennomgang av årsmeldingane for 2024. Årsmeldingane syner at Hafslo IL har hatt stor aktivitet og breidde i aktivitetane gjennom året. Endeleg årsmelding for 2024 finn de her.
Deretter vart det ei pause med matservering. Som alltid god service, nydeleg gryterett og himmelpudding hos Eikum Hotell.


Etter matpausa vart det delt ut innsatskrus og anna merksemd til mange som har gjort ein innsats for idrettslaget. I tillegg fekk Stina Hillestad ein gåvesjekk for den flotte innsatsen ho gjer i langrennssporet. Stina er ein flott ambassadør for Hafslo IL i langrenn, og ho har hatt ei flott utvikling siste året. Mellom anna vart Stina nr.30 på ein av distansane i årets NM.
Stina var ikkje tilstades på årsmøtet, men har takka for gåva og har sendt oss dette flotte biletet etter årsmøtet.
Fullstendig oversikt over alle som fekk merksemd på årets årsmøte finn de i lenkja nedanfor.
Rekneskapen for 2024 vart gjennomgått og kontrollutvalet la fram si beretning, der dei hadde ingen merknader. Rekneskapen vart derfor godkjent av årsmøtet. Godkjend årsrekneskap for 2024 finn de i lenkja nedanfor.
Gerd Westby og Hermann Odd Stein har gjort ein stor, grundig og flott jobb som revisorar og i kontrollutvalet gjennom mange år. Dei fekk derfor begge velfortente innsatskrus og merksemd etter gjennomgangen av rekneskapen på årsmøtet.
Gerd Westby la fram kontrollutvalet si beretning på årsmøtet.
Elles vart både framlagde budsjett for 2025 og organisasjonsplanen vår for 2023-2026 vedteke i tråd med styret sine framlegg.
Siste ordinære sak var val 2025. Sidan vi ikkje har hatt valnemnd, har Erna Hamrum og Birthe Johanne Fredheim Finstad i styret, og gruppeleiarane, fungert som valnemnd. Erna la fram innstilling til val av medlemer i styret og dei ulike gruppene og nemndene. Alle vart valde i tråd med innstillinga.
Ove Midtbø vart attvald som leiar, og Tonje Torgersen vart vald inn som ny i hovudstyret som kasserar. Elles vart desse valde som medlemer i hovudstyret for 2025:
Birthe Johanne Fredheim Finstad (1.nestleiar og sekretær), Erna Hamrum (2.nestleiar og medlemsansvarleg), Styrk Andrè Hoflundsengen (styremedlem), Signe Gudveig Rauboti (styremedlem), Theo Opem-Moen (ungdomskontakt), Arthur Bremer Brynjulfsen (1.varamedlem) og Anne Perlaug Fossøy (2.varamedlem).
Desse vart valde som gruppeleiarar for dei ulike særgruppene i 2025 og dermed del av utvida styre:
Nils Petter Solheim (fotballgruppa), Lars Olav Halleråker (alpint- og friskigruppa), Benedikte Fløtra Grøteig (barneidrettsgruppa), Terje Brunborg (trimgruppa), Jon Ove Lomheim (hoppgruppa), Terje Fardal (langrennsgruppa), Monika Alvestad Reime (handballgruppa) og Tore Ørbeck (stadionstyret).
Fullstendig oversikt over alle som vart valde finn de i lenkja nedanfor.
Protokollen frå årsmøtet 13.02.2025 finn de i lenkja nedanfor.
Heilt på slutten av årsmøtet tok styremedlem Erna Hamrum ordet, og sa det hadde dukka opp ei sak til. Det viste seg at styret hadde vedteke å utnemne Ove Midtbø som æresmedlem i Hafslo IL. Dette kom svært overraskande på Ove, som ikkje var førebudd i det heile. Det nye æresmedlemet vart svært overraska, rørt og svært takknemnleg for utmerkinga.
Ove vart svært overraska og heilt sett ut av styret si utnemning som æresmedlem.
Takk til alle som møtte på årsmøtet. Gratulerer til alle som fekk velfortent innsatskrus og merksemd.
Vi ser fram til nok eit flott, aktivt og innhaldsrikt år for Hafslo IL i 2025.
Helsing styret i Hafslo IL





