Styret beklagar at kontingenten for 2015 er forseinka. Men du kan handla med rabatt på Sportsbui i Gaupne lell.
Medlemskontingenten vert sendt ut i løpet av april, anten på e-post eller i brev.
Sportsbui i Gaupne har fått lister over registrerte medlemmar, så du får 15 prosent rabatt på kjøp der, sjølv om årets kontingent ikkje er betalt. Kontingenten er forseinka på grunn av at medlemslistene i vinter/vår skal koordinerast inn i det sentrale systemet til Norges idrettsforbund, KlubbAdmin.