BARNEIDRETT VÅREN 2015 – lenke til programmet finn de her:Vår 2015
Då var vinteren (håpar me) over for i år, og me gledar oss til meir vårlege aktivitetar
Barneidrettsgruppa har representantar frå alle særgruppene i HIL, og vårprogrammet er ein samla oversikt over organiserte aktivitetar HIL har for barn mellom 6 og 11 år.
Sosialarrangement og sykkelkarusellen er noko alle kan vera med på, også dei som er 5 år og yngre.
Barneidrett er eit tilbod for born som er betalande medlem i Hafslo idrettslag.
Fotballgruppa har starta opp sine miniputtreningar i Moane og kjem til å ha treningar dei fleste måndagar og onsdagar. Det vert miniputturneringar: 10. mai, 14. juni, 30. august og 27. september.
12. mai og 9. juni vert det orientering!
Tre måndagar vil det og bli friidrett og sykkelkarusell
11. mai vert det sykkelkarusell på skuleplassen, med ulike løyper som passar for alle, også dei som er yngre enn 5 år. Husk hjelm!
18. mai vert det rullert mellom friidrett og fotball for kull 2007, 2008 og 2009 i Moane. Då vert borna delt i grupper der ei gruppe har friidrett og ei gruppe har fotballtrening, så byter dei.
25. mai vert det rullert friidrett og fotball for kull 2004, 2005 og 2006.
26. mai og 2. juni vert det fellesturar i lag med Trimgruppa.
Sognefjord Cup vert arrangert siste helga i juni, dvs 26.06.-28.06. Minner om at alle foreldre som har ungar som deltek på miniputtreningar vert oppsette på to dugnadsvakter pr familie under Sognefjord Cup. Dei som ikkje har blitt satt opp på dugnadsvakter kan ta kontakt med fotballgruppa v/Ove Midtbø.
Me oppmodar alle om å sjekke heimesida til HIL jamnleg, då det kan førekomme endringar i programmet: www.hafslo-il.no
Endringer og supleringar vert og lagt ut på Facebooksida vår. Lik oss på Facebook!
Ved spørsmål, ta kontakt med leiar Tonje Bremer, tlf: 98427424 eller t.bremer@online.no.
Vel møtt til mange varierte og kjekke aktivitetar! Fint om foreldre kan vere med å hjelpe til på sykkelkarusellen og friidrettstasjonane
Helsing Barneidrettsgruppa i HIL:
Tonje V. Bremer, Marita Linde, Pål Iversen, Jørgen Berg, Jorunn Sekse, Anne Sandøy og Per Birger Lomheim.