Oppdatert informasjon – Miniputt Hafslo IL 2023

Takk til alle miniputt-foreldre som møtte på møtet om fotballsesongen 2023 tysdag 18.april 2023. Særskilt takk til alle foreldre som har teke ansvar etter møtet som trenarar, lagleiarar før første turnering i Lærdal søndag 7.mai. Veldig kjekt at treningane på kunstgrasbana har kome i gong denne veka. Dette blir veldig bra!

På møtet 18.april vart det informert om at det skulle vere miniputt-turnering på Hafslo søndag 11.juni 2023. Etter god dialog mellom fotballgruppene i Hafslo IL, Kaupanger IL og fotballkretsen, er det no bestemt at turneringa 11.juni 2023 vert på Kaupanger, og at Hafslo IL arrangerer miniputt-turnering i Moane 17.september 2023. Det betyr følgjande datoar for Kongleriket Miniputt 2023:

Lærdal søndag 7.mai 2023

Kaupanger søndag 11.juni 2023

Jotun (Øvre Årdal) søndag 27.august 2023

Hafslo, Moane søndag 17.september 2023

Fotballgruppa kjem til å sette opp treningstider veke for veke på kunstgrasbana framover, til det er mogleg å spele fotball i Moane. Følg med i gruppene og her på heimesida og FB-sida for informasjon framover.

NB: Om nokon har spørsmål eller manglar noko er det flott om de kontaktar miniputt-ansvarleg Ann Kristin Torgersen på tlf. 48131484. De kan også ta kontakt med leiar av Fotballgruppa, Karita Nes på tlf. 48141645 eller leiar i Hafslo IL, Ove Midtbø tlf. 41375655.

Vi ønskjer alle lukke til med miniputt-sesongen 2023 og gler oss til ein flott fotballsesong!

Fotballgruppa i Hafslo IL