Endeleg var det klart for sesongstart i 6.divisjon, og det var ei flott ramme kring kampen mellom Hafslo og Årdal 2 i tysdag 17,august. Alt låg til rette for ein flott fotballkamp i nydeleg ver og ei strøken grasmatte. Med heile 11 debutantar for Hafslo IL, der mange har store fotballkarrierer bak seg, var det store forventningar til kveldens kamp. Og for dei frammøtte tilskodarane skulle det vise seg å bli litt vel mykje spaning og underhaldning.
Første omgang vart jamnspelt med store sjansar til begge lag. Men det var Årdal 2 som tok leiinga rett før pause etter sjølvmål av Hafslo IL sin gode keeper-debutant Bjarte Hovland, som lite kunne gjere med den scoringa. Totalt sett hadde nok Hafslo IL fleire store sjansar enn bortelaget i førsteomgang.
I andreomgang sørga ein anna debutant, Henrik Salveson, for utlikning til 1-1 etter ei flott scoring etter 53.minuttar. Hafslo IL si første scoring i seriesamanheng for seniorlaget på 694 dagar!
Utover i andreomgang oppstod det dessverre to alvorlege skadesituasjonar for spelarar frå Årdal 2, som førte til lang pause i kampen. Begge spelarane fekk oppfølgjing frå medisinsk personell, men kunne ikkje fullføre kampen. Vi trur og håpar det går bra med begge spelarane, og er utruleg takknemlege for medlemene i Luster Røde Kors som var tilstades som tilskodarar og som tok seg av situasjonen.
Når kampen endeleg kom i gong igjen, bølga det fram og tilbake. Etter 115 minuttar fekk Hafslo IL straffe, og Simon Hauge Sørensen sørga for 2-1 til Hafslo med ei nydeleg straffe. Men like etterpå fekk Årdal 2 straffespark, og sørga for at stillinga vart 2-2 med siste spark på ballen etter 118.minuttar.
Dermed endte det 2-2 på Hafslo Stadion i kveld, etter ein utruleg jamn, spanande og dramatisk fotballkamp i 6.divisjon. Dei frammøtte fekk verkeleg underhaldning i form av flott spel, sjansar og dramatikk i kveld!
Takk til dommar Tor Kristian Dulsvik, og linjedommarane Ingeborg Sekse og Ingrid Johanne Kvalen (Norill Terese Norheim), alle spelarane, trenarane og alle tilskodarane som tok turen til Hafslo stadion i kveld. Dette vart seniorlaget sin første seriekamp på heimebane på 694 dagar, og ein minnerik kamp Vi gler oss allereie til neste kamp!
KAMPFAKTA 6.DIVISJON TYSDAG 17.AUGUST 2021 – HAFSLO MOT ÅRDAL 2:
0-1 43.minutt: Sjølvmål
1-1 53.minutt: Henrik Salveson
2-1 115 minutt: Simon Hauge Sørensen (straffe)
2-2 118 minutt: Marius Loftheim (straffe)
Desse spelte for Hafslo IL: Aleksander Haugen, Anders Stadheim, Bjarte Hovland (keeper), Bjarte Vatlestad, Daniel Fylling, Eirik Cirotzki, Hans-Petter Moe Fardal, Helge Bakkane, Henrik Furebotn, Henrik Salveson, Johan Salveson, Marius Sjølie Sviggum, Simon Hauge Sørensen, Styrk Hofslundsengen, Terje Flugheim, Torbjørn Kjørnes, Ørjan Fåberg, Øystein Lerum.
No er seniorlaget i gong, og vi gler oss til å følgje «nye» Hafslo IL sitt seniorlag vidare i 6.divisjon i sesongen 2021!