VINTERPROGRAM FOR BARNEIDRETTEN 2014

Nytt år og tid for nye barneidrettsaktivitetar! Alle ungar er velkomne til å vera med, einaste kravet er at ein må vera medlem i Hafslo idrettslag.
Programmet for vinteren vert også lagt ut på heimesida til HIL: www.hafslo-il.no.
Gå og inn på Hafslo Idrettslag på Facebook og lik oss!
Det vert lagt ut evt endringar i programmet på nettsida og på Facebook.

Onsdagar vert det skicup, med oppstart onsdag 8.januar. Det vert registrering kl 17.15-18.00. Alle som registrerer seg får utdelt distansekort for ”Barnas skimerke” frå skiforbundet. Dei som er interesserte kan registrere skiaktiviteta på nettet og ta ”Barnas skimerke” i bronse, sølv eller gull. For meir informasjon viser vi til nettsida www.barnas.skiklubb.no.

Det ligg trimbok i postkassa på 5-kmløypa. Dette er ein kjekk tur for alle!

Det vert Telenorkarusell nokre tysdagar og onsdagar. Alle kan gå ”vanleg” skicup på onsdagane det er Telenorkarusell, men oppmodar alle om å vera med på opplegget på Telenorkarusellane.

Sundag 19. januar er det Fjord1-alpinrenn på Heggmyrane; eit rekrutteringsrenn/ lågterskelrenn. Her er det lov å få litt svingehjelp i løypa om det trengs! Lik premiering til alle!
Onsdag 22. januar er det WORLD SNOW DAY-ARRANGEMENT på Heggmyrane; både langrenn og alpint. Her blir det masse skileik og moro for alle!!!

Måndag 24. februar vert det lommelykttur i Moane i lag med Barnas turlag. Oppmøte 17.30 med lommelykt/ hovelykt.

Onsdag 26. mars vert det avslutning med kveldsmat og premieutdeling i kafeen på skisenteret. Dei som ikkje deltek på avslutninga, men som skal ha premie; ta kontakt.

Vel møtt til alle!

Barneidrettsgruppa v/ leiar Tonje Bremer – t.bremer@online.no – 984 27 424