Fotballsesongen er i gong for fullt

Allereie før påske spelte nokre av Hafslo IL sine lag dei første seriekampane på bortebane sesongen 2017. Denne veka har sesongen starta for alvor, og dei første heimekampane har vore avvikla.

Tysdag 18.april spelte Hafslo J13/14 9ar årets første heimekamp på kunstgrasbana, der jentene fekk ein flott start på sesongen med 5-2 siger mot Sogndal 3. Same kveld spelte samarbeidslaget Hafslo/Bjørn J15/16/17 bortekamp mot Jotun, der det dessverre vart tap. Samarbeidslaget har no spelt tre seriekampar, og står med ein siger og to tap så langt!

Dagen etter, onsdag 19.april, sesongdebuterte Hafslo G11 på heimebane på kunstgrasbana med ein flott 5-0 siger mot Sogndal 4!

Hafslo J12 sesongdebuterte torsdag 20.april, med ein sterk 2-0 siger borte mot Sogndal.

Fotballveka vart avslutta fredag 21.april, der Hafslo J13/14 7ar tok i mot Aurland på kunstgrasbana. Det vart ein spanande og flott fotballkamp, der Hafslo-jentene tilslutt vann 5-4!

Hafslo G13/14 sitt 7ar-lag åpna sesongen før påske med ein knallsterk 3-0 siger borte mot Sogndal 3. Laget skal spele sin første heimekamp 1.mai.

Hafslo G15/16/17 er også godt i gong med sin sesong. Førebels har det blitt to tap på bortebane før påske, og i neste veke ventar to nye bortekampar mot Vik onsdag 26.april og Jotun fredag 28.april. Deretter kan vi glede oss til fem heimekampar på rad for gutane, den første onsdag 3.mai.

I neste veke er det ingen heimekampar for Hafslo IL sine lag, men fleire av laga skal spele bortekampar. Hafslo G12 sesongdebuterer borte mot Lærdal G12 onsdag 26.april.  Damelaget i 4.divisjon sesongdebuterer med bortekamp mot Syril 4.mai. Hafslo J9/10, Hafslo G9 og Hafslo G10 skal spele sine første seriekampar i byrjinga av mai.

Det må nemnast at miniputtane også kjem i gong for fullt i neste veke, der dei mellom anna skal delta på miniputt-turnering i Vik søndag 30.april!

Det er med andre ord berre å glede seg over at fotballsesongen er i gong, og til alle seriekampane og høgdepunkta som står i kø! Førebels oversikt over alle heimekampane finn du her: Kampdagbok vår 2017.

Vi håpar mange møter opp og heiar på Hafslo IL sine lag sesongen 2017! Både på heimesida og på facebook-sida vår, vil det kome oppdateringar i løpet av sesongen! Her blir det også lagt ut informasjon om eventuelle endringar og oppdateringar i oversikta over Hafslo IL sine heimekampar. Vi ønskjer alle lag, spelarar, trenarar, lagleiarar og supporterar frå Hafslo lukke til med sesongen!