Framleis mogleg å melde seg på TINE Fotballskule Hafslo 2017

 

 

 

 

For 10.året på rad arrangerer Fotballgruppa på Hafslo TINE Fotballskule siste veka av skuleferien! TINE Fotballskule Hafslo 2017 vert arrangert i Moane onsdag 16. august til fredag 18.august kl.10-14 kvar dag.

Fotballskulen er for jenter og gutar i alderen 6-12 år. Fotballskulen er for alle, og det er ikkje eit krav at du har vore med på fotball tidlegare.

Meir informasjon om deltakaravgift, påmelding mm. finn du her: Invitasjon TINE Fotballskule Hafslo 2017

Det er framleis mogleg å melde seg på årets fotballskule på Hafslo, og påmeldingsfristen vert forlenga til 16.juli 2017!

Vi håpar mange jenter og gutar vil vere med på årets TINE Fotballskule på Hafslo, og vi kan love at det blir mykje fotballaktivitet og moro også under jubileumsutgåva av fotballskulen!

PÅMELDINGSFRISTEN ER 16.JULI 2017.