Haustprogram for barneidretten 2014

BARNEIDRETT Haust 2014 (trykk på lenka «Haust 2014» for å åpne barneidrettsprogrammet)
Barneidrettsgruppa har laga ein samla oversikt over organiserte aktivitetar HIL har for barn mellom 6 og 11 år, inkludert fotballtreningane fotballgruppa har for miniputtane.
Ein tysdag er det friidrett i Moane med 60m, ball, kule og lengde. Desse dagane kan vaksne også vere med å prøve seg på idrettsmerket!
Me har, i hovudsak, aktivitetar måndagar og onsdagar, men også eit par tysdagar fram til fotballtreningane er slutt. I haust vert det friidrett, orientering, fotball, gymsalaktivitetar og balltrening. Alle velgjer sjølv kva ein ynskjer ungane skal delta på, men me oppmodar alle om å prøve ulike aktivitetar!

ALLE SOM DELTEK MÅ VERE MEDLEM I HAFSLO IDRETTSLAG!
Det er ikkje påmelding for å vere med på barneidrettsaktivitetar, og det er gratis å delta. Men sidan barneidretten er dugnadsbasert, treng me hjelp frå foreldre som kan vera medhjelparar på ulike aktivitetar. Ynskjer difor tilbakemelding frå dykk foreldre om kva de kan tenkje dykk å vera med på. Alle kan bidra med noko!
Det vil i hovudsak vera nokon frå særgruppene som har hovudansvaret for aktivitetane. Det er såleis ikkje noko å kvi seg for å vere medhjelpar. Det kan t.d. vere å henge opp postane på natursti eller hjelpe til på ulike øvingar i gymsalen.
Send gjerne SMS eller mail til Tonje Bremer på tlf 98 42 74 24 eller epost: t.bremer@online.no og gje beskjed om at de vil hjelpe til på ulike aktivitetar.
OBS! Me brukar av og til bilete frå barneidrettsaktivitetar i HIL-aviser og på heimesida. Om de ikkje ynskjer at me skal nytte bilete av dykkar ungar, så gi beskjed! (Det vert ikkje brukt namn i tilknytning til bileta)
Eventuelle endringar i programmet vert lagt ut på heimesida til HIL: www.hafslo-il.no
NB! Barn 0-5 år har eigen tid i gymsal tysdagar kl 17.00-18.00 til frie aktivitetar.
Me håpar på ein flott haust med mange aktive ungar! 
Barneidrettsgruppa
Tonje Bremer, Marita Linde, Anne Sandøy, Jorunn Sekse, Jørgen Ulrik Berg, Per Birger Lomheim og Pål Iversen.