Tirsdag 30.september arrangerte orienteringsgruppa i Hafslo IL orienteringsløp i Moane. 3 løyper frå enkel løype på 1,25 km til vanskeleg løype på 2,65 km. 30 deltakarar var med, 20 av desse i den lengste løypa. Christian Frøyd stod for den raskaste tida på langløypa, med tida 18.29. Takk til Karin Sørlie for flotte løyper. Med dette er orienteringssesongen i Hafslo/Sogndalsområdet avslutta. For Hafslo IL sin del gjenstår det å arrangere eit lommelykt o-løp i Moane i slutten av oktober i samarbeid med idrettsskulen. Vedlagt finn de fullstendig Resultatliste O-løp 30.sept Moane.
Løypene vert liggande ute ei vekes tid, så dersom nokon har lyst å springe kan de laste dette ned her Treningsløp 30.A Treningsløp 30.C Treningsløp 30.september.N. Ver berre merksam på at postane rundt klubbhuset og Hafslo stadion er tekne ned. Resten ligg ute.