TRIMMIAN og barnetrim 2015.
Trimåret 2015 er godt i gang. Alle bøkene på trimpostane er tilgjengeleg heile året. Postar i tillegg til dei du må gå for å bli Trimmian finn du i sløyfa på 5km-løypa på Heggmyrane og på Langholmen. Boka i lysløypa vert lagt ut igjen til neste vinter.
Det kostar kr. 100,00 for vaksen/barn å delta i Trimmian eller barnetrim og kr. 300,00 for familie (inkluderer barn i grunnskulealder). I tillegg må ein vere medlem i Hafslo idrettslag. Ein betaler inn til HIL sin konto nr. 37850720062, merk med «trimskjema 2015» og namn.
Frist for å levere skjema er 20.oktober 2015. Bakpå skjemaet står namna på oss i gruppa, lever til ein av oss. Premieutdeling vert på HIL sin haustmarknad.
Trimskjema får du i Hafslo-filialen av Luster sparebank eller du kan laste det ned her.Trimskjema 2015