Trimskjema 2017
Her er trimskjema for sesongen 2017. Litt nye postar, og nokon gamle er vekke. Hugs innlevering av 2016 trim innan 20.oktober. God tur frå Trimgruppa. Trimskjema 2017.pdf
Her er trimskjema for sesongen 2017. Litt nye postar, og nokon gamle er vekke. Hugs innlevering av 2016 trim innan 20.oktober. God tur frå Trimgruppa. Trimskjema 2017.pdf
Last ned trimskjema for 2016 her. Trimskjema 2016 med vegforklaring Trimpostane er dei same som i 2015. Trimgruppa vonar at auken i deltakinga held fram og at nettopp DU får mange fine turar i det kommande året. Mange barn, ungdommar og vaksne fekk premiane sine på marknaden i dag – bra Les vidare Trimåret 2016 er i gang!
Bøkene på postane er samla inn og det er tid for å levere inn skjema for Barnetrim og Trimmian 2015. Lever skjemane snarast mogleg og absolutt siste frist er 20.oktober! Lever til ein i trimgruppa: Anne Sandøy eller Grete Marie Skårhaug Solvi (Klokkesteinvegen), Irene Flugheim (Galden), Line Hillestad Espeland (Hestnes) Les vidare TRIMSESONGEN 2015 ER OVER!
Tysdag 22.september arrangerer BI og trimgruppa trimtur til Røymsstølen der vi skriv oss i trimboka. Oppmøte på Krossen kl. 17.30 på tysdag. Line og Irene er med frå trimgruppa. GOD TUR 🙂
Trimgruppa vidareformidlar invitasjon om idrettsdag frå Sogn og Fjordane idrettskrins. Bli med på ein grenselaus idrettsdag! Det inviterast til idrettsdag for deltakarar med utviklingshemming med høve for utprøving av ein rekkje ulike idrettar. Bli med – dette blir grenselaust moro! Grenselause idrettsdagar blir arrangert i heile landet og set fokus på Les vidare Grenselaus idrettsdag i Førde
Trimgruppa og BI har tur til Røymsstølen tysdag 26.mai. Ikkje alle veit kor trimpostane ligg, derfor får du tilbod om å gå i lag med kjentfolk. Møt opp ved parkeringsplassen ved Krossen på Mollandsmarki til kl. 17.30. Grete Marie Skårhaug Solvi og Audhild Moe går i lag med deg. Tysdag Les vidare Trimtur til Røymsstølen med BI
TRIMMIAN og barnetrim 2015. Trimåret 2015 er godt i gang. Alle bøkene på trimpostane er tilgjengeleg heile året. Postar i tillegg til dei du må gå for å bli Trimmian finn du i sløyfa på 5km-løypa på Heggmyrane og på Langholmen. Boka i lysløypa vert lagt ut igjen til neste Les vidare Barnetrim og Trimmian 2015
I år har vi hatt fleire aktive trimmarar i alle aldrar som har delteke i Barnetrim og Trimmian. Totalt 40 barn i barnehage- og grunnskulealder fekk premie (mot 20 i fjor). 15 av desse var trimmian i tillegg (mot 8 i fjor). Talet på vaksne som vart Trimmian 2014 var Les vidare Barnetrim og Trimmian