Barnetrim og Trimmian

I år har vi hatt fleire aktive trimmarar i alle aldrar som har delteke i Barnetrim og Trimmian. Totalt 40 barn i barnehage- og grunnskulealder fekk premie (mot 20 i fjor). 15 av desse var trimmian i tillegg (mot 8 i fjor). Talet på vaksne som vart Trimmian 2014 var 21 (mot 16 i fjor). Den gode auken er vi i trimgruppa særs nøgd med!

Gratulerer til Dorte Maria Hillestad med flest poeng (2200 poeng) blant deltakarane i barnetrim og til Laila Norheim med 10710 poeng!