Flott Hafslo-innsats i KM langrenn på Eid

KM i langrenn vart arrangert på Tua skistadion ved Eid 23-25. januar, med god innsats av alle dei seks utøvarane frå Hafslo. Hafslo IL tok med seg 4 KM-titlar, noko som er imponerande og meir enn noko annan klubb frå Sogn. Johan Lægreid Nes  vann klasse G14 3km fristil fredag og sprint fristil laurdag, og fekk 2.plass i 3km klassisk søndag. Marte Erfjord tok heim KM-tittel i K19/20 5km fristil fredag og i 5km klassisk søndag.

Hanna Lægreid Nes vann klasse J12 2km klassisk søndag (men KM tittel gjeld berre frå 13 år og oppover). Miriam Borge Olsen (J11), Sedrik Kauppi Norheim (G11) og Runar Sekse (G16) hevda seg og bra i sine klassar.

Gratulera og lukke til vidare til alle saman !

IMG_0586