Flott innsats av Hafslo sine lag i innleiande runder av innandørs KM 2015

Hafslo IL deltok med 6 lag i dei innleiande rundene av innandørs KM i fotball denne helga, der 2 av laga var samarbeidslag mellom Hafslo og Kaupanger (årsklasse G15 og G16). Tre av laga klarte å kvalifisere seg til KM-sluttspelet på Sandane 7.-8.mars 2015, men alle laga viste god innsats og viste mykje godt spel.

Vi gratulerer Hafslo J13 med sluttspelplass, der dei vann alle sine tre kampar i gruppespelet i Øvre Årdal på laurdag. I finalen vart det dessverre tap, men dei får ein ny sjanse i sluttspelet.

Gratulerer også til J14 med sluttspelplass, som gjorde det same på søndag i Øvre Årdal som J13 på laurdag. Siger i alle kampane i gruppespelet, men tap i finalen. Imponerande og flott innsats av både J13 og J14 og trenar Jan Tore, som skal representere Hafslo i sluttspelet i årets innandørs KM.

Søndag klarte samarbeidslaget Hafslo/Kaupanger med tre Hafslo-spelarar på laget, å vinne finalen i klasse G16 i Øvre Årdal. Dette er imponerande, og det lovar godt for samarbeidet vidare at laget klarte å kvalifisere seg til sluttspelet i innandørs KM! Vi gler oss til fortsettelsen.

Dessverre klarte ikkje laga i klassane G13, G14 og G15 å kvalifisere seg til sluttspelet i årets KM. Nærast var G13, som tapte ein tett, jamn og dramatisk semifinale mot Sogndal 4 etter straffesparkkonkurranse på Leikanger laurdag. Men både G13, G14 og G15 viste flott innsats i sine innleiande kampar, noko som lovar godt for det som skal skje resten av sesongen 2015!