Rekrutteringskurs for dommarar

Hei.
Om du kan  kan tenke seg å ta rekruteringskurs for dommarar, så har du muligheten no:-)
Etter kurset kan du dømme kampar for Hafslo IL, og får då kr 300,- pr kamp, fin måte å tene seg litt lommepeng:-)
Om du er interessert meld deg på, sms til mobnr 47846410 innan 7.april.
Meir info under:-)

Rekrutteringsdommarkurs i Sogndal, fredag 10. – og laurdag 11. April 2015.
Sogn og Fjordane Fotballkrets arrangerer rekrutteringsdommarkurs i Sogndal, fredag 10. – og laurdag 11. April 2015, i auditoriet ved Stallen, inne på langsida på Fosshaugane Campus.
Påmeldingsfristen er: onsdag 8. April.

Vi ønskjer alle frå 15 år og oppover velkomne!
Kurset er gratis!

Kursinnhald
Kurset er for dei som ønskjer å dømme ellevarfotball. Målet med kurset er å gje kunnskap i spele-reglane for ellevar- fotball.
Dei i Sogn og Fjordane som ønskjer å bli fotballdommar, og klubbar som ønskjer å bidra til at vi blir fleire dommarar i Sogn, med høve til fleire dommarmiljø, samt dømming i td. Lerum Cup.
Rekrutteringsdommarkurs.
4 modular á 4 undervisningstimar. Til saman 16 undervisningstimar

Fosshaugane Campus.
(Auditoriet ved Stallen).
Start fredag 10.4, kl. 17.00
10. – 11. April.
Fredag, 17.00 – 21.30
Laurdag, 09.30 – 16.00
Kurset er gratis