Innkreving av treningsavgift

Styret har vedteke at det vert felles treningsavgift uavhengig av kor mange aktivitetar ein deltek i.

Fotballgruppa kjem til å krevje inn treningsavgift først og så sende sine lister vidare til dei andre gruppeleiarane. Gruppeleiarane krev så inn frå sine grupper – for dei som ikkje deltek i fotball.

Dette systemet gjeld for 2015, frå 2016 vil treningsavgifta bli kravd inn gjennom Klubbadmin, noko som vil gjere prosessen enklare.

Innbetalinga skal merkast med treningsavgift og namn.

Dette er satsane for treningsavgifta i 2015:

  • Årsklasse 0–5 år: gratis
  • Årsklasse 6–10 år: 200 kr
  • Årsklasse 11–14 år: 400 kr
  • Årsklasse 15–19 år: 600 kr
  • Senior: 1000 kr