Hafslo IL v/Fotballgruppa er med i ordninga med mobilretur 2015. Mobilreturordninga er eit samarbeid mellom Telenor og Norges Idrettsforbund, og er ei miljøkampanje og ein nasjonal dugnad som går under namnet «Brukt mobil – Nye muligheter». Telenor gir idrettslaga som er med 30 kroner for kvar brukte mobil som blir innsamla. Ved å levere dine brukte mobilar til Fotballgruppa på Hafslo i løpet av oktober, er du med på å støtte både miljøet og Fotballgruppa!
Har du brukte mobiltelefonar liggjande og ønskjer å bli kvitt desse samstundes som du støttar både miljøet og fotballen på Hafslo, er det no på tide å finne fram desse.
Fotballgruppa har stand ved SPAR Hafslo laurdag 31.oktober kl.11-15, og då blir det høve til å levere inn brukte mobiltelefonar! Vi oppmodar alle som har brukte mobilar om å finne fram desse, og levere dei på standen ved SPAR Hafslo førstkomande laurdag!
Hugs å ta ut SIM-kort! Mobiltelefonar som blir samla inn, blir lagt i eigne returposar som det ikkje er mogleg å stikke hendene i. Det er derfor trygt å levere i frå seg brukte mobiltelefonar, og desse blir sendt inn til Telenor straks innsamlingsperioden er slutt 1.november!
Ønskjer du å vite meir om mobilreturordninga, finn du meir informasjon ved å gå til denne sida: Mobilretur 2015