Påmelding fotballsesongen 2016

Alle spelarar som skal delta på fotball i Hafslo IL sesongen 2016 må fylle ut eit påmeldingsskjema med informasjon om namn, kontaktinformasjon mm. I tillegg er det viktig at alle fyller ut kva for dugnad foreldra til spelarar på miniputt og aldersbestemte lag ønskjer å utføre fotballsesongen 2016.

I utgangspunktet er det forventa at alle foreldra til fotballspelarar i Hafslo IL bidreg med dugnad under Lerum Cup 24.-26.juni 2016. Det er derfor viktig at alle skriv opp kva for dugnad dei kan bidra med denne helga i påmeldingsskjemaet.

Det er også viktig å krysse av for om de godtek at bilete av spelarane kan publiserast på heimesida eller Facebook-sida vår.

ALLE påmelde spelarar må fylle ut og levere inn påmeldingsskjemaet. Dette gjeld også dei som allereie har meldt seg på til oppmenn/lagleiarar for sine lag, og sjølv om medlemsskap allereie er betalt. Nye spelarar vil få tilsendt informasjon om betaling av medlemsskap etter innlevering av skjema. Alle vil også få informasjon om innbetaling av treningsavgift etterkvart.

Påmeldingsskjemaet finn de nedanfor. Dette kan leverast på følgjande måtar:

-ta utskrift på papir, fylle ut og levere til Erna Hamrum eller Ove Midtbø. Eventuelt kan de levere til oppmann/lagleiar for aktuelle lag som leverer vidare til Erna eller Ove.

-fylle ut elektronisk og sende per e-post til Erna Hamrum eller Ove Midtbø (e-postadresser står i påmeldingsskjemaet).

FRIST for levering av påmeldingsskjema: 31.mars 2016.

Ta kontakt med Ove Midtbø på tlf.41375655 eller e-post ovemidtbo@hotmail.com ved eventuelle spørsmål.

PÅMELDING FOR FOTBALLSESONGEN 2016