Hafslo J14 kvalifiserte seg til sluttspelet i KM Futsal Innandørs

Etter dei innleiande kampane i KM Futsal Innandørs førre helg, er Hafslo J14 det einaste laget som klarte å kvalifisere seg til sluttspelet i Førde 5.-6.mars 2016. J14 imponerte og vann alle sine innleiande kampar i Øvre Årdal førre søndag! No ventar sluttspel for jentene i Førde søndag 6.mars! Vi gratulerer!

Elles var det litt «stang ut» for dei andre seks laga frå Hafslo IL som deltok. Men god innsats av alle laga, og ein flott start på fotballsesongen 2016.

Alle resultat frå dei innleiande kampane finn de på kretsen sine sider: http://www.fotball.no/Kretser/sogn_og_fjordane/Seriesaker/2016/SSF-KM-Futsal-aldersbestemt/