Årets KM i Futsal for aldersbestemte lag er i gong

Denne helga er det innleiande kampar i årets KM Futsal for aldersbestemte lag. Hafslo IL stiller med til saman sju lag i klassane J13, G13, J14, G14, G15, G16 og G19.

Laurdag 6.februar spelar J13, G13 og G15 innleiande kampar i Leikangerhallen på Hermansverk.

Søndag 7.februar spelar J14 og G16 innleiande kampar i Årdalshallen i Øvre Årdal, medan G14 og G19 spelar sine innleiande kampar i  Leikangerhallen på Hermansverk.

Sluttspelet skal avviklast i Førde, Førdehuset 5.-6.mars, og vi får håpe at laga frå Hafslo klarar å kvalifisere seg for sluttspelet! Det blir uansett spanande å følgje laga gjennom kvalifiseringshelga!

Kampane er allereie i gong, og på fotballkretsen sine sider, www.sffk.no, finn de lenkjer til kampoppsett og resultatoppdatering frå alle spelestader!

Vi ønskjer alle laga lukke til, og kjem tilbake med oppdatering på korleis det har gått i løpet av helga!