Flott og motiverande Barnefotballkveld på Hafslo

IMG_20160329_163737

Fotballgruppa fekk i kveld besøk av Marius Kloster frå NFF Sogn og Fjordane, som hadde ein engasjerande og flott Barnefotballkveld for 18 trenarar, lagleiarar og foreldre på Hafslo. Barnefotballkvelden bestod av ein teoretisk del, med tema om mellom anna kosthald, Fair Play, differensiering, jamnbyrdigheit og korleis legge best mogleg til rette for at born får utvikle seg i barnefotballen. Marius hadde også med seg Sogndal-spelarane Ole Amund Sveen og Lars Christian Kjemhus, som fortalte om si erfaring frå barnefotballen.

IMG_20160329_182057                IMG_20160329_182817

Kvelden vart avslutta med ein praktisk del i gymsalen, der Marius og dei to Sogndal-spelarane gjennomførte treningsøvelsar saman med Hafslo sine J9/10/11-jenter. Og det var tydeleg at det var ei stor oppleving for jentene å bli instruert av Marius og to A-lagsspelarar frå Sogndal. Og alle trenarane, lagleiarane og foreldra frå Hafslo som deltok, fekk garantert med seg inspirasjon og tips til øvelsar som kan nyttast på treningsfeltet når sesongen tek til for fullt!

IMG_20160329_190148

IMG_20160329_190434

Marius hadde også med seg ei flott gåve frå fotballkretsen, i form av to stk småmål. I tillegg fekk jentene effektar og autografar. Fotballgruppa set svært stor pris på dette!

Fotballgruppa på Hafslo takkar Marius og fotballkretsen, Lars Christian, Ole Amund, J9/10/11-jentene, trenarane, lagleiarane og foreldra som bidrog til ein flott og engasjerande fotballkveld i Samfunnsbygget på Hafslo i kveld! Dette var ei flott kick-off-markering for barnefotballen på Hafslo rett før fotballsesongen 2016 tek til for fullt! Slike inspirasjonskveldar bør vi få til fleire av!

IMG_20160329_200742