Fotballsesongen er i gong for Hafslo IL sine lag

Fotballsesongen er allereie godt i gong, og fleire av Hafslo IL sine lag spelte sine første seriekampar på bortebane i førre veke. Fleire lag spelar kampar også denne veka, og onsdag 20.april blir årets første heimekamp spelt på kunstgrasbana kl.18. Hafslo IL har til saman 13 lag med i seriespel denne sesongen, så det er mange spanande kampar i vente.

Hafslo J11 var første lag ut, med seriekamp borte mot Syril måndag 11.april. Det vart eit knepent tap i sesongdebuten. I går (18.april) spelte J11-jentene sin andre kamp borte mot Vik, og vann til slutt 9-5. Ei flott sesongopning for Hafslo J11-jentene!

Hafslo G11 starta sesongen med bortekamp mot Syril onsdag 13.april. Her vart det også eit knepent 9-10 tap for gutane i ein spanande kamp. Onsdag 20.april spelar Hafslo G11 sin andre kamp for sesongen heime mot Bjørn kl.18 på kunstgrasbana ved skulen. Dette er årets første heimekamp for Hafslo IL sine lag, og vi håpar mange møter opp og heiar på Hafslo G11 i lokaloppgjeret heime mot Bjørn G11!

Hafslo J12 spelte også sin første seriekamp borte mot Syril torsdag 14.april. Resultatet frå denne kampen er enno ikkje oppdatert på kretsen sine heimesider. Uansett skal Hafslo J12 spele sin andre kamp på heimebane no på torsdag 21.april kl.18 på kunstgrasbana mot Sogndal 3. Møt opp og støtt jentene!

Hafslo J13/14 9ar spelte også sin første seriekamp borte mot Kaupanger tidlegare i kveld. Her vart det til slutt eit knepent 1-2 tap.

Torsdag 21.april skal Hafslo G15/16 sesongdebutere på bortebane mot Sogndal 2 kl.19.

Vi vil prøve å få lagt ut oppdateringar av korleis det går med Hafslo IL sine lag med jamne mellomrom her på heimesida. For dei som vil følgje ekstra godt med, blir kampane fortløpande oppdatert på fotballkretsen sine sider, www.sffk.no, under fana «Terminlister og tabeller». De kan også følgje med på Facebook-sida vår gjennom sesongen.

Komplett oversikt over Hafslo IL sine heimekampar sesongen 2016 finn du her: Kampdagbok vår 2016 – oppdatert

HEIA HAFSLO!