Trening for miniputtane på grusbana i Moane

WP_002768

No er grusbana i Moane fri for snø og klargjort for trening. Det betyr at Fotballgruppa endeleg kan starte opp med trening for miniputtane på grusbana i Moane.

Treningane startar opp i neste veke,  måndag 11.april og onsdag 13.april, kl.1730-1830 begge dagar.

Treningane er for alle jenter og gutar født i 2010, 2009, 2008, 2007 og 2006 (6-10 år). Fotballgruppa samarbeider med dei andre særgruppene om Barneidretten i Hafslo IL, og det kjem etterkvart eit program for Barneidretten fram til sommaren. Hovudaktiviteten blir nok fotball, men vi oppmodar alle om å følgje med på heimesida og facebook-sida vår om treningar og aktivitetar framover.

For dei som enno ikkje har levert påmeldingsskjema for fotballsesongen 2016, oppmodar vi om at dette blir gjort så snart som mogleg. Meir informasjon om dette finn de i denne lenkja:  Påmelding fotballsesongen 2016

Det er også viktig at alle som deltek på fotball eller andre aktivitetar i regi av Hafslo IL er medlemer av idrettslaget. Informasjon om medlemsskap med meir finn de i denne lenkja:  Medlemsskap i Hafslo IL

Då måndag 11.april er årets første utetrening for miniputtane, er det viktig at trenarar og alle foreldra hjelper til med å finne rett treningsgruppe for gutane og jentene ved oppmøte. Vi oppmodar også foreldra om å hjelpe til dersom trenarane ber om det. Mellom anna er det sett fram ein del mål på grusbana, og desse er det fint om foreldra hjelper til med å sette på plass om trenarane ber om det.

Det er også fint om alle spelarane finn seg ein fotball i ballbua når dei kjem, tek denne med seg på grusbana, og legg den tilbake i ballbua etter trening.

Det er framleis ein del snø i området rundt banene i Moane. Vi oppmodar derfor om at ingen køyrer bil heilt fram til grusbana, men at de parkerar på stader der det er fritt for snø for å unngå trafikkaos ved levering og henting.

Fotballgruppa ønskjer alle born i alderen 6 til 10 år velkomne på fotballtrening, og at miniputtane er klare for ein flott fotballsesong i 2016!