Siger i første kamp på Hafslo stadion

Sjølv om isen nettopp har forsvunne frå Hafslo-vatnet, vart årets første heimekamp spelt på grasbana i Moane i kveld. Hafslo G13/14 9ar tok i mot Lærdal G13/14 9ar, og vant ein suveren siger 9-3. Hafslo G13/14 9ar har vunne begge sine seriekampar hittil, og har fått ein god sesongstart!

I kveld spelte også Hafslo J11 bortekamp mot Bjørn J11, og Hafslo-jentene tok ein sterk bortesiger og vant 10-3!

I morgon tysdag 3.mai kl.19 spelar Hafslo IL sitt herrelag årets første seriekamp i 6.divisjon heime på Hafslo stadion mot Balestrand 2. Etter ein sesong utan A-lag på Hafslo, blir det spanande å følgje med korleis det går med Hafslo sitt herrelag denne sesongen. Vår nye trenar Kai Inge Cirotzki har fått på plass eit spanande lag med ei god blanding av unge og erfarne spelarar. Møt opp i Moane i morgon kl.19 og støtt Hafslo IL sitt herrelag i comeback-sesongen!

Det er fleire heimekampar og høgdepunkt i vente denne veka:

Tysdag 3.mai kl.19 spelar Hafslo G13/14 7ar heimekamp mot Sogndal G13/14 7ar på kunstgrasbana.

Onsdag 4.mai spelar Hafslo G11 2 heimekamp mot Kaupanger på kunstgrasbana kl.18.

Torsdag 5.mai spelar Hafslo G15/16 heimekamp mot Syril i Moane kl.19.

Fredag 6.mai spelar Hafslo sitt damelag i 4.divisjon heimekamp mot Sogndal på kunstgrasbana kl.19.

Det er også fleire bortekampar for Hafslo IL sine lag denne veka. I morgon tysdag 3.mai, spelar Hafslo J13/14 9ar bortekamp mot Sogndal kl.19. Onsdag 4.mai spelar Hafslo G11 1 bortekamp mot Sogndal 2 kl.18, og torsdag skal Hafslo J12 spele bortekamp mot Vik J12 kl.1715.

Fotballsesongen er for alvor i gong, og vi håpar mange møter opp og heiar på dei flinke fotballspelarane og laga våre i fotballbygda Hafslo denne sesongen! Heia Hafslo!