Vil du hjelpa til under Lerum cup ?

Årets fotballcup blir arrangert 24.-26.juni. Aktivitetane varer frå kl 8 om morgonen til kl 20 om kveldane.

Halve Vestlandet kjem til Moane. Kjem du ?

Hafslo idrettslag har den viktigaste dugnaden sin denne helga. Innsatsen gjev viktige kroner i klubbkassa. Det er denne helga som gjer at HIL kan ha medlemsavgifter og treningsavgiftersom andre klubbar berre kan drøyma om.

Men til dette treng me di hjelp. Om du kan ta ei vakt på parkeringa, steika sveler, dømma kampar, hjelpa til med skulevakthald, koka kaffi eller stå i kiosken, er me takknemmeleg for det du ønskjer å bidra med. Som lønn blir du med i idrettslaget sin store dugnadsgjeng og får vera ein del av den imponerande turneringa som trekker fleire tusen til Moane i slutten av juni. Mat og drikke under vakta får du hos oss.

Du kan sjølv bestemma kva gruppe du vil skal nyta godt av innsatsen din.

Du bestemmer og både vaktdag og vaktlengde.

Send epost til Jan Ølnes janolnes@gmail.com eller ring 95 12 17 11, viss du ønskjer å vera på parkering,

Ring Erna, 99 39 56 32/57 68 46 02 eller send epost til Erna.Hamrum@sfj.no viss du vil bidra med andre oppgåver !