Avslutningsdag Lerum Cup 2016

IMG_0945

Siste dag av årets Lerum Cup bydde på mykje regn, men det sette ikkje nokon stoppar for Hafslo IL sine lag. Dagens resultat for laga frå Hafslo vart slik:

kl.0800: Hafslo J10-Åsane Tiger J10     2-1

kl.0800: Øystese – Hafslo J11     1-2

kl.0900: A-sluttsp. G14 SF: Kaupanger G14 – Hafslo G14   4-4. Hafslo vann 6-7 på corner

kl.0900: Hafslo G10 – Gneist Flamme    2-13

kl.1000: Hafslo G11 – Florø Brun     5-1

kl.1100: B-sluttsp. J13/14 9ar F: Masfjord – Hafslo J13/14 1-1. Hafslo vann på loddtrekn.

kl.1200: Hafslo J12 – Fagernes 2004     1-9

kl.1300: A-sluttsp. G14 F: Sykkylven – Hafslo G14     4-3

kl.1500: Lindås J12 – Hafslo J12    2-2

Hafslo J10 avslutta Lerum Cup 2016 med 2-1 siger mot Åsane Tiger J10. Tre sigrar og to tap, vitnar om solid innsats av dei yngste jentene våre! Godt jobba Vivian og G10-jentene!

Hafslo J11 avslutta også med 2-1 siger mot Øystese i dag tidleg. Det betyr to sigrar i dei to siste kampane, trass tap i dei tre første. Godt jobba Kai Inge og J11-jentene! Og som de ser av biletet var både J10-jentene og J11-jentene godt nøgde med innsatsen under årets Lerum Cup! Fantastiske fotball-jenter og trenarar!

IMG_4890

Hafslo G10 har imponert under årets Lerum Cup. For laget som har hatt få triumfar i serien vart det to sigrar og tre tap! Men det er knallbra debut i Lerum Cup, og lovar bra for det som skal skje framover. Humøret og innsatsen har vore på topp, og trass tap i siste kamp, har gutane og trenarane Kurt og Torgeir hatt ei flott oppleving både på og utanfor bana! Strålande innsats gutar og trenarar!

Hafslo G10 2

IMG_20160624_093423

Hafslo G11 starta Lerum Cup med ein fantastisk dag på fredag! Laurdag vart det tøft, men for ein kamp på søndag mot Florø Brun! Hafslo G11 vann 5-1 etter det som trenarane Frode og Ove meiner er den beste kampen G11 nokon gong har spelt! Fantastisk innsats og spel. Måla vi scora var utrulege! Det vart dermed tre sigrar og to tap, men spelarane, trenarane og foreldra må vere kjempenøgde med innsatsen under årets Lerum Cup!

IMG_4924

Hafslo J12 har spelt 6 kampar, og avslutta turneringa med 2-2 mot Lindås J12 som siste lag ut av Hafslo IL sine lag. Dermed vart det  til slutt 1 siger, 1 uavgort, 3 knepne tap og eit litt større tap! Men strålande humør og innsats av jentene! J12-jentene har vist utruleg humør og stå på-vilje! Strålande innsats av jentene og trenarane Ove og Jan Erik!

j12

 

Hafslo G13 kom til B-sluttspelet, og etter tøff motstand i gruppespelet, vart det ein jamn og spanande 8.dels finale mot Voss 2. På stillinga 3-3, scora Voss 2 sekundar før slutt laurdag ettermiddag. Men strålande innsats i årets Lerum Cup av Hafslo G13 som sparte kruttet til siste kamp!

Hafslo G13

Hafslo J13/14 9ar fekk det tøft i gruppespelet, men i B-sluttspelet vart det full fart! Jentene gjekk heile vegen, og vann finalen mot Masfjord J14 etter 1-1 ved full tid, og siger på loddtrekning! Fantastisk og velfortjent pokal av dei supre J13/14-jentene våre! Takk til jentene, trenar Norill og resten av teamet for å tenne gløden når det har sett mørkt ut! Å vinne finale under Lerum Cup er ein STOR prestasjon i seg sjølv! Knallbra innsats jenter!

Hafslo J13-14

Hafslo G14 er ein eventyrhistorie i seg sjølv… Klarte å kome til A-sluttspelet på minst mogleg margin, men for all del fortent. Semifinalen mot Kaupanger starta dårleg med 0-3 i mot! Så vakna gutane og bydde på ein fantastisk innsats og henta inn leiinga! Ein utruleg jamn og spanande kamp med STOR nerve endte 4-4. Men Hafslo G14 vann 7-6 på corner! Dermed klart for A-finale mot Sykkylven G14. Og for ein finale! Gutane ga alt, og trass tap 3-4 mot Sykkylven i finalen, var dette ein av tidenes mest spanande finalar under Lerum Cup! Takk til gutane og Joar for innsatsen og opplevingane de har gitt heile fotballfamilien på Hafslo! Det er ikkje mange som får oppleve å spele A-finale i Lerum Cup på heimebane Moane!  Gratulerer med ein historisk sølvpokal! De er fotballheltar alle saman!

IMG_20160626_135522

IMG_20160626_135935

Og til slutt må det nemnast at vi nok ein gong har tatt GULL i dugnadsinnsats under årets Lerum Cup! Erna, alle foreldre som har bidrege i kiosk, parkering, på skulen og alle andre som har bidrege fortener STOR honnør for arrangementet! På bana har motstandarane skrytt av arrangementet, og alle i FOTBALLFAMILIEN på Hafslo skal vere STOLTE over innsatsen! HAFSLO IL har vunne GULL nok ein gong, og takk til SOGNDAL FOTBALL for samarbeidet under årets Lerum Cup 2016! Heile fotbalfamilien i Sogn skal nok ein gong vere stolte av eit tilnærma prikkfritt arrangement! LERUM CUP er utvilsamt eit av Norges beste idrettsarrangement!

IMG_20160625_114551IMG_20160626_084421

IMG_20160622_181212

IMG_20160622_193210

IMG_20160624_085021

TUSEN TAKK ALLE SAMAN! VI GLER OSS ALLEREIE TIL LERUM CUP 2017!