Dugnad Lerum cup 24.-26.juni 2016

 

Listene for kiosken er for det meste sett opp etter kva dugnadsinnsats de har kryssa for då de melde på ungane dykkar. Kvar familie er sett opp med 2 dugnadsvakter, som det vart informert om på påmeldingsskjema for fotballen. Trenarane og oppmennene er fritekne for vakter under cupen, men deltek på dugnad for å førebu. For dei ungane som ikkje er meldt på skriftleg, har me sett dykk opp der me har behov.

Sjekk dei oppsette vaktene dine. Dersom det oppstår kollisjonar med anna dugnadsinnsats, meld til meg snarast. Viss du byter vakt med nokon, skal dette og meldast inn.

VAKTLISTE FOR KIOSKEN FINN DU HER

Info til kioskarbeidet:

  • Bilar til dugnadsarbeidarane skal parkerast på området til Ruth Karin/Tom Idar  Kvam, altså jordet til høgre før du kjem til Moane.
  • I klubbhuset ligg Cup-T-skjorter og capsar.  Hent der før du møter på vakta di
  • I nordre del av kiosken foregår mykje matproduksjon.  Bruk inngangen i sør viss du skal ha vakt der.
  • Alle som arbeider dugnad for Hafslo idrettslag, får mat og drikke på vakta si (pølse, grillmat, svele, brus,  kaffi, ikkje is og sjokolade).  Dette gjeld dei som arbeider i kioskane, parkeringsvakter og dommarane våre.
  • All mat og drikke til dugnadsfolket skal registrerast.  Ved alle utsalsplassane er det utlagt lister der de fører opp utsalsprisen for varene.
  • Det skal og førast reknskap for det som Sogndal fotball tek ut av varer til sine dugnadsfolk.  Dei skal levera rekvisisjon.  De fører totalsummen på rekvisisjonen og legg den i eigen kasse i kiosken. Dei skal kun ha mat og drikke (som HIL sine dugnadsvakter)
  • Det er kun dugnadsvakter for Hafslo IL og Sogndal fotball som har avtale om uttak av mat.  Personar frå andre klubbar skal betala vanleg.
  • Me vil kun ha vaksne folk på salsapparatet.  De må rekna dette som ein arbeidsdag der det ikkje er høve til å ta med ungane.  Det er til tider nokså hektisk i kioskane, og me treng plassen.

VEL MØTT TIL DUGNADSHELG I MOANE !!  

DET ER DENNE HELGA SOM LEGG GRUNNLAGET FOR ØKONOMIEN I FOTBALLGRUPPA, SÅ ME VONAR ALLE KAN PRIORITERA FOTBALLEN DEI  DAGANE.

Helsing
Foreldrelaget for aldersfastlagd fotball: Erna Hamrum  (99 39 56 32),  Hanne Kvam, Karianne Sanden, Jim Sletten
Fotballgruppa ved Ove Midtbø