For vinteren 2017 så samarbeider hoppgruppa med «onsdagscupen» om hoppleik på Heggmyrane. «Hoppbakkane» er tilrettelagt for bruk av langrennsski og dei er plassert ved servicebygget (kafeen) på vestsida av hovedtrekket. Desse «hoppbakkane» kan brukast når som helst, men hoppgruppa vil vera tilstades for hjelp og instruksjon på onsdagar etter «skileiken» på onsdagscupen (etter kl 18.00).
Det viktigaste med dette tilbodet er at utøvarane (både jenter og gutar) får prøve seg i bakkar ein meistrar og føler seg trygg i. Ein kan bruke det skiutstyret ein ønskjer, men idrettslaget disponerer ein god del hopputstyr (ski og sko) som vert lånt ut til interesserte om ein ønskjer å prøve det. Det vil elles bli annonsert eigne arrangement (Telnor-karusell, SFE-cup) i tillegg til tilbod i Kvamsbakkane i alle bakkestorleikar tilpassa utøvarane. Dette blir løpande informert til aktuelle interesserte på sms, epost og FaceBook-sida til skisenteret eller idrettslaget.
For meir informasjon så kan ein ringja eller stille spørsmål på sms til 971 98502 (Per Birger) og 917 21076 (Jon Ove).
Helsing – Hoppgruppa
v/ Per Birger og Jon Ove