Lag- og kampoppsettet for Loppecupen laurdag 25.mars er klart

 

                       

Det er påmeldt 45 jenter og gutar i 1.-6.klasse til Loppecupen i Samfunnsbygget laurdag 25.mars. Turneringsleiinga i 7.klasse har fordelt dei påmelde spelarane på 9 lag, og lagoppsetta finn de her: Loppecup 2017 Lag og oppsett

Kampane startar kl.10.30, og alle lag spelar 5 kampar. Det blir 23 kampar totalt, og turneringa varer til ca kl.14.30. Det betyr mange storkampar i Samfunnsbygget i morgon. Kampoppsettet finn de her: Loppecup 2017 Kampoppsett

Alle spelarar må møte opp i god tid før første kamp, og hugs å ta med kr.50 i deltakaravgift som de betalar kontant ved oppmøte.

Minner også om at det blir både Loppemarknad og Kafe. Alle er velkomne innom for ein sosial, kjekk og begivenheitsrik dag i Samfunnsbygget på Hafslo laurdag 25.mars kl.10-15.

Håpar mange tek turen og heiar på dei flinke gutane og jentene som skal spele fotball, og samstundes støttar 7.klasse ved Hafslo Barne- og ungdomsskule! Og kanskje du til og med finn nokre skattar på loppemarknaden…..