Laurdagstrening for gutar og jenter fødde i 2002 – 2007

Kurt Heggestad og Fotballgruppa startar opp eit tilbod om fellestreningar på laurdagar for jenter og gutar fødde i 2002, 2003, 2004, 2005, 2006 og 2007 så snart kunstgrasbana ved skulen er klar. Planen er å starte opp førstkomande laurdag 1.april kl. 0945 til 1130 dersom tilhøva tillet det.

Tanken er at dette skal vere ei frivillig tilleggstrening for ALLE som ynskjer det. Men det er viktig å vere førebudd på at dette ikkje er ein sosial samlingsplass, men ei ferdigheitstrening der det vil bli lagt vekt på konsentrasjon og fokus. Det
betyr at det vil bli høge stemmer og engasjemang frå trenarane, og det vil bli stilt krav til deltakarane. Konsekvensen av dette vil bli bedre og kjekkare treningar for alle.

Det vil vere fleire trenarar til stades på treningane, og påmelde spelarar vil bli inndelt i grupper på tvers av alder og kjønn etter ferdigheitsnivå. Fokus på treningane vil vere:
• Basisferdigheiter: pasning, mottak, nærteknikk, forflytting,
• Holdningar til treningsarbeid.
• Småbanespel:”flytte ball”, bevegelse, samhandling, gjenvinning av ball
• Avslutningar

PÅMELDINGSAVGIFT:  100 kr pr deltakar.

PÅMELDING: SMS til Kurt Heggestad: 48139917, eller e-post til elvebakkengardsysteri@gmail.com. Frist for påmelding er innan kl.20 fredag før kvar økt. Det blir oppretta ei eiga facebook-gruppe der alle som ønskjer å delta på dei ulike øktene, gjev beskjed seinast kl.20 fredagen før.

Meir informasjon finn du i dette informasjonsskrivet: Laurdagstrening

Vi håpar at mange jenter og gutar fødde i 2002-2007 ønskjer å delta på desse fellestreningane!

NB: Hugs at påmeldingsfrist for første fellestrening laurdag 1.april, er innan fredag 31.mars kl.20! For alle som har meldt seg på innan denne fristen, blir det sendt ut informasjon så snart som mogleg i løpet av fredagskvelden om det blir fellestrening eller ikkje førstkomande laurdag!