Det er kjekt å sjå at det er stor aktivitet på den flotte kunstgrasbana vår ved skulen! Den blir flittig brukt både til treningar, kampar og uorganisert aktivitet på ettermiddag/kveldstid! Det er supert at kunstgrasbana blir brukt, og at den er blitt ein flott samlingsstad for born og ungdom i bygda vår!
Men til tider registrerer vi at det ligg mykje søppel og tomflasker på og rundt bana. Vi tykkjer dette er synd, og oppmodar alle som brukar kunstgrasbana og oppheld seg i området rundt denne, om å kaste søppel i bossbøttene og ta med seg tomflaskene. Det gjer det mykje trivelegare for alle som brukar bana og området rundt denne!
Vi får også ein del tilbakemeldingar om uheldige episodar på kunstgrasbana som oppstår på ettermiddagar, kveldar og i helgar under uorganisert aktivitet utan vaksne tilstades. Mellom anna har vi høyrt om episodar der enkelte ikkje får lov til å vere med i fotballaktivitet på bana, fysiske samanstøyt og upassande munnbruk og oppførsel. Slike episodar ønskjer vi ikkje å ha på kunstgrasbana. Kunstgrasbana er open for ALLE utanfor treningar og kampar, og vi ber om at dei som brukar kunstgrasbana og området rundt respekterer dette.
Kunstgrasbana skal vere ein positiv stad å vere, og vi håpar at alle brukarar av bana hjelper til med dette. Vis respekt og ta vare på kvarandre. Det vil føre til auka trivsel for alle og kunstgrasbana vil halde fram med å vere ein flott samlingsstad for born og unge i bygda vår!