16.-17. mars heldt kurslærar Stine-Marie Jonstad i idrettskrinsen kurs for 17 engasjerte deltakarar frå heile fylket på Hafslo barne- og ungdomsskule.
Kurset gir grunnleggande kunnskap om korleis idrettsaktivitet for barn opp til 12 år skal bli lagt til rette og leia, slik at barna opplever glede, tryggleik og mestring. Meir om kurset kan de lese her.
Kurset gjekk over to dagar, frå fredag ettermiddag/kveld til laurdag ettermiddag. Deltakarane fekk prøvd seg på mange ulike øvelsar i løpet av kurset, og mange unge utøvarar i fylket kjem til å nyte godt av innsatsen til kursdeltakarane framover!
Hafslo IL vll rette ein stor takk til idrettskrinsen og kursleiar Stine-Marie Jonstad for eit flott og engasjerande kurs! Idrettslaget vil også rette ein stor takk til Hafslo Barne- og Ungdomsskule for tilrettelegging av lokale og Per Birger Lomheim som stilte opp som lokal kjentmann på aktivitetsleiarkurset! Takk også til dei supre ungdomane frå Hafslo IL, som i tillegg til Per Birger deltok på kurset! Dette er noko Hafslo IL kjem til å få god nytte av framover!