Hafslovatnet Rundt for 53.gong søndag 25.mars 2018

Den 53.utgåva av Hafslovatnet Rundt vart arrangert på Heggmyrane ved Sogn Skisenter palmesøndag 25.mars 2018. 64 deltakarar gjekk på tid i det tradisjonsrike rennet, medan mange også deltok som trimløparar. Alle klassane gjekk i klassisk stil. Trass i at været ikkje var det beste på byrjinga av dagen, vart det betre utover dagen. Då rennet starta var det mykje folk og god påskestemning på Heggmyrane.

Dei yngste langrennsløparane opp til 12 år og deltakarane i utviklingsklassa var først i aksjon. Dei gjekk frå 0,5 km til 3 km.

                

Deretter var det felles start for løparane frå 13 år og oppover til veteranklassa, som gjekk 6 km, 10 km og 15 km. Også her var det solid innsats av alle.

                            

Anders Fortun og Ivar Kvalen var speakarar, sørga for god stemning og heldt publikum godt oppdatert om status og gode historiar undervegs i løpet av dagen!

Solid innsats av alle, trass i tungt føre. Og alle deltakarane fekk premie.

Nøgde premievinnarar klasse 6 år og yngre

Solid innsats og velfortent premie til Turid og Matheo i utviklingsklassa!

Velfortente premiar til dei 14 jentene og gutane i klasse 7-10 år!

Premiar til alle jentene i klasse 11-12 år som gjekk 3 km!

Eldar var strålande nøgd som vinnar og einaste deltakar i klasse gutar 11-12 år!

Premiar til sju glade gutar i klasse 13-14 år som gjekk 6 km!

Det skilte berre eitt sekund mellom Stina og Henriette i klasse jenter 15-16 år! Strålande innsats av begge!

Premievinnarane klasse gutar 15-16 år! Ivar Nistad frå Gaular IL tok førsteplassen!

Bertine Thorsnes Lefdal vann dameklassa for 21-30 år som gjekk 15 km. Marte Erfjord fekk andreplass, men var ikkje tilstades under premieutdelinga!

Gyrid Øygard frå Førde IL var godt nøgd etter siger i klasse kvinner 17-20 år!

Andreas Mjelstad frå Syril IL tok førsteplass i klasse menn 17-20 år!

Mats Bjørnar Leirdal vann herreklassa 21-30 år!

Glade premievinnarar klasse herrer 41-50 år!

Premievinnarane klasse herrer 51-60 år!

Kjell Melheim frå IL BJørn vann klasse herrer 61-70 år! Rune Årdal frå Jølster fekk andreplass, men var ikkje tilstades under premieutdelinga!

Dagens eldste og einaste deltakar i klasse 71 år og eldre: Jakob Trygve Øygard frå IL Fanaråk! 

Per Birger Lomheim frå Hafslo IL fekk velfortent premie for å ha delteke 50 gonger i Hafslovatnet Rundt!

  

Mats Bjørnar og Bertine vann den innlagte spurtprisen for henholdsvis herrene og damene. Mats Bjørnar tok sin tredje siger, og fekk med det vandrepokalen til odel og eige!

Arrangørane fortener stor ros for gjennomføringa av årets Hafslovatnet Rundt 2018. Alt var godt planlagt, organisert og gjennomført! Takk også til Sogn Skisenter for oppkøyring av flotte løyper! Takk til alle utøvarane, dei frivillege dugnadsfolka og publikum for ein flott skidag på Heggmyrane! Håpar alle kjem att også neste år!

            

Fullstendig resultatliste finn de i lenkja nedanfor:

Resultatliste Hafslovatnet Rundt 2018