Barneidrett våren 2018

  

Etter ein flott vinter, er våren på veg til Hafslo. Vårprogrammet for Barneidretten er no klart, og oversikt over aktivitetar i perioden 30.april til 20.juni finn du i lenkja nedanfor.

Alle særgruppene i Hafslo Idrettslag samarbeider om tilrettelagte aktivitetar for born i alderen 6 til 11 år. Barneidretten er eit tilbod til alle betalande medlemer i Hafslo Idrettslag. Informasjon om medlemsskap i Hafslo Idrettslag finn du her.

NB: På grunn av sein vår og banetilhøva i Moane, kan det bli endringar når det gjeld fotballtreningane dei første vekene. Følg med på Facebook-sida vår for endringar i programmet!

Vi håpar mange born i alderen 6 til 11 år ønskjer å delta på aktivitetane i regi av Barneidretten i Hafslo IL våren 2018!

BARNEIDRETT VÅR 2018