Heimekampar vårsesongen 2018

Fotballsesongen er allereie godt i gong. Hafslo IL stiller med 11 lag i seriespel sesongen 2018, og laga skal spele 33 kampar på heimebane i vårsesongen. Førebels har det vore mange bortekampar for laga frå Hafslo IL, men sesongens første heimekamp vart arrangert på kunstgrasbana onsdag i førre veke mellom Hafslo G11 og Sogndal 3 G11. Det betyr at det står att 32 heimekampar på kunstgrasbana og på Hafslo stadion i vårsesongen.

Denne veka (veke 18) skal det spelast tre heimekampar på kunstgrasbana. Onsdag 2.mai kl.18 blir det skikkeleg lokaloppgjer mellom Hafslo J9/10 og Bjørn 3 J9/10, før Hafslo J15/17 møter Jotun J15/17 kl.19. Fredag 4.mai kl.19 spelar damelaget i 4.divisjon sin første heimekamp på kunstgrasbana kl.19 mot Sogndal! Vi oppmodar om å møte opp og heie på dei flinke fotball-spelarane våre!

Nedanfor finn du lenkje til alle heimekampane for Hafslo IL sine lag i vårsesongen. Følg med på heimesida og facebook-sida vår for eventuelle endringar!

HEIMEKAMPAR HAFSLO IL VÅRSESONGEN 2018 – oppdatert 150518