Det er klart for ny fotballfest – Lerum Cup 2018

  

Det er mange som har lagt ned ein stor dugnadsinnsats allereie, og i dagane som kjem er det mange fleire som skal bidra under årets Lerum Cup 2018 i Moane. I dag startar fotballfesten som varer i tre dagar fram til måndag ettermiddag.

I tillegg til alle dugnadsfolka, stiller Hafslo IL med 6 lag under årets turnering. I år er det berre 9ar-baner i Moane, noko som betyr at laga frå Hafslo IL skal spele dei fleste kampane i Sogndal og på Kaupanger. Men Hafslo G13/14 skal også spele eit par av kampane i Moane.

På åpningsdagen laurdag 23.juni skal laga frå Hafslo IL spele totalt 13 kampar frå kl. 0800. På www.lerumcup.no finn du kampoppsettet, og kan følgje med korleis det går: https://www.profixio.com/matches/lerum-cup-2018/l. Det kjem også oppdateringar på facebook-sida vår i løpet av helga, så følg med!

Vi ønskjer både dugnadsfolka og laga frå Hafslo IL lukke til under årets Lerum Cup 2018!