Takk for innsatsen under Lerum Cup 2018

 

   

 

Årets Lerum Cup-helg er vel overstått, og Hafslo IL vil takke alle foreldre, spelarar, dommarar og andre som bidrog til nok ei vellukka fotballhelg i Moane. Særskilt takk til Erna og hjelparane for all organisering med kiosken, til Sverre for klargjering av banene mm., og til dei parkeringsansvarlege med Kurt og Hans-Olav i spissen for organisering av parkeringa.

Det er mange som gjer ein stor og viktig innsats både før, under og etter turneringa, og denne innsatsen er heilt avgjerande for å kunne gjennomføre eit så stort arrangement. Og det er ekstra kjekt når dei som stiller på dugnad bidreg med godt humør og sørger for god stemning gjennom heile helga.

Hafslo IL har levert topp dugnadsinnsats enno ein gong, og det skal de alle vere stolte av.

TAKK FOR INNSATSEN ALLE SAMAN!