Finalesiger til Hafslo G15/16 i Norway Cup 2018

Hafslo G15/16 slo Tornado Måløy 2-1 i finalen i B-sluttspelet under årets Norway Cup, og vant dermed B-sluttspelet i si klasse. Ein historisk og imponerande prestasjon av Hafslo-gutane!

Mange frå Hafslo møtte opp på Ekebergsletta for å heie på Hafslo G15/16 under gårsdagens finale, og ga gutane ei fantastisk støtte under kampen. Det var ein jamn kamp, der Tornado Måløy tok leiinga i første omgang, og leia 1-0 til pause. Men Hafslo-gutane starta andreomgangen fantastisk, og berre eitt minutt ut i omgangen utlikna Markus Nes for Hafslo med ei kontant heading etter corner. Kort tid etter finta Simon H. Sørensen bort ein forsvarsspelar på høgresida, og sette ballen forbi keeper og Hafslo opp i 2-1 leiing. Og det vart sjølvsagt elleville jubelscener på og utanfor bana. Etter 2-1 scoringa kjempa gutane heroisk med slitne bein for å halde Tornado Måløy unna målet, og keeper Kristoffer Duesund spelte ein fantastisk kamp. Då dommaren blåste av kampen, vart det sjølvsagt vill jubel både blant spelarar, trenarar og Hafslo-supporterar. Hafslo G15/16 hadde vunne GULL under Norway Cup 2018!

 

Hafslo G15/16 fekk sjølvsagt stor og velfortent pokal for finalesigeren, som no er komen trygt heim til Hafslo! Denne vil for alltid stå att som eit synleg bevis på den fantastiske prestasjonen til laget. Gratulerer til gutane, trenarane og supporterane!

Det var eit stort augeblikk for alle frå Hafslo IL som var tilstades på Ekebergsletta i går. Etter ei intens men fantastisk turneringsveke for spelarar, trenarar, lagleiarar og verdas beste supporterar frå Hafslo IL, fekk cup-eventyret ein lukkeleg slutt i går. Laga, spelarane, trenarane og alle medreisande supporterar frå Hafslo IL, har hatt ei utruleg turneringsveke. Alle dei fem laga har prestert godt, og det har vore fantastisk å sjå korleis Hafslo IL har markert seg både på og utanfor banene i Oslo. Det er skapt minner som aldri blir gløymt, og det er mange som har fått augene opp for fotballbygda Hafslo i løpet av den siste veka.

TAKK FOR INNSATSEN ALLE SAMAN! HEIA HAFSLO IL!