Klubbveke Intersport Sogndal 1.-6.april 2019

Fotballsesongen nærmar seg, og i neste veke er det klubbveke med gode tilbod for medlemer i Hafslo IL på klubb-kolleksjon, fotballsko mm.

Medlemer i Hafslo IL får 30% av veil. pris på følgjande produkt frå klubbkolleksjonen i løpet av klubbveka (vanlegvis vil medlemene få 25% rabatt):

ProduktStrVeil pris
UMBRO UX-1 Trn Pants Sort/Gul XS-4XL veil pris kr 499
UMBRO UX-1 Trn Pants jr Sort/Gul 116-164 veil pris kr 479
UMBRO UX-1 Trn Sweater Sort/Gul XS-3XL veil pris kr 549
UMBRO UX-1 Trn Sweater jr Sort/Gul 116-164 veil pris kr 449
UMBRO UX-1 Trn Jacket Sort/Gul XS-4XL veil pris kr 749
UMBRO UX-1 Trn Jacket jr Sort/Gul 116-164 veil pris kr 699
UMBRO Velocita Player Bag 40 L40 L veil pris kr 399

Bilete av dei ulike produkta:

For å kunne nytte deg av tilboda, må du vise kvittering for betalt medlemsskap i Hafslo IL for 2019. I lenkja nedanfor finn du rettleiing på kva som er gyldig kvittering for betalt medlemsskap som må framvisast:

NB: Medlemene må kjøpe/bestille produkta hos Intersport Sogndal sjølve, og produkta blir levert utan logo, sponsormerke og namn. Alle som kjøper klær frå klubbkolleksjonen må inntil vidare ta kontakt med idrettslaget for å avtale trykking av logo og sponsormerke.

ALLE kjøpte klær frå klubbkolleksjonen SKAL ha logo og sponsormerke. Om du ønskjer namn, kjem ein kostnad på kr. 8 per bokstav i tillegg, som du må betale til idrettslaget.

Ta kontakt med leiar Ove Midtbø – ovemidtbo@hotmail.com – for å avtale trykking av logo og sponsormerke, og evt bestilling av namn.

Vi håpar medlemene våre nyttar seg av dei mange gode tilboda under klubbveka hos Intersport Sogndal i neste veke!