Redusert pris på produkt i klubbkolleksjonen så langt lageret rekk innan utgangen av mars 2019

I samband med overgang til ny sponsoravtale med Intersport Sogndal frå nyttår, har Hafslo IL eit restlager av bukser, gensarar, jakker og t-skjorter frå klubbkolleksjonen. Vi ønskjer derfor å tilby medlemene våre redusert pris på klubbprodukta så langt lageret rekk ut mars månad.

Alle produkta vert sjølvsagt levert med riktige logoar og sponsormerke. Etter at restlageret er tømt og kampanjeperioden er over, vil det bli mogleg å kjøpe klubbprodukta til ordinære medlemsprisar hos Intersport Sogndal.

Nedanfor finn de ei oversikt over dei ulike produkta i klubbkolleksjonen og storleikane vi har på lager av bukser, gensarar, jakker og t-skjorter, og som kan bestillast til redusert pris.

NB: Her gjeld prinsippet «førstemann til mølla». Når det er tomt for eit produkt/storleik, er det den som først har bestilt som får produktet til redusert klubbpris.

All bestilling MÅ skje per e-post til følgjande e-postadresse:

n_cir@hotmail.com

Plotter og initialar: Om nokon ønskjer initialar eller plotternamn kjem det i tillegg til kampanjeprisen. Pris for initialer/plotternamn er kr.8 per bokstav.

På gensar eller jakke kan de bestille fornamn eller etternamn på ryggen (ikkje initialer i front). På bukse kan de bestille initialer. På t-skjortene kan de velje fornamn eller etternamn på rygg, eller initialer på front.

NB: Merk bestillinga med namn på produkt, storleik, evt farge på t-skjorte og om de ønskjer initialar/plotternamn.

Det vert sendt ut e-post med informasjon om betaling, og kleda må betalast før utlevering. Vi reknar med vi klarer å levere bestilte klubbprodukt innan påske.

Her følgjer ei oversikt over produkta og tilgjengelege storleikar som kan kjøpast til reduserte prisar så langt lageret rekk innan utgangen av mars månad:

HIL Jakke til redusert pris kr. 450

STORLEIKANTAL
PÅ RESTLAGER
1287
1408
1526
1647
XS7
M6
L6
XL6

HIL Gensar til redusert pris kr.300

STORLEIKANTAL PÅ
RESTLAGER
1161
1284
1407
1525
XS3
XL1
XXL1

HIL T-skjorte – GUL eller SVART til redusert pris kr. 125

STORLEIKANTAL PÅ
RESTLAGER
FARGE
11610GUL
1287GUL
1522SVART
1647GUL
1642SVART
XS19GUL
XS4SVART
S5SVART
M3SVART
L13GUL
XL9GUL
XL5SVART
XXL2GUL
XXL2SVART

HIL Bukse til redusert pris kr.300

STORLEIKANTAL PÅ
RESTLAGER
11625
12828
14021
15231
16418
XS38
28
M37
L22
XL21
XXL9