Klar for Norway Cup 2019

No er spelarar, trenarar, foreldre og supporterar for Hafslo G13/14 på plass i Oslo og klare for Norway Cup 2019. Hafslo G13/14 stiller med eit 11ar lag i klasse gutar 14 år, og spelar første kamp i turneringa mot Ullern IF i dag, søndag 28.juli kl.1610.

Hafslo G13/14 gjennomførte siste trening før NC 2019 i Moane torsdag kveld (25.juli), og det var god stemning blant spelarane og trenarane som gler seg til Norway Cup 2019!

I tillegg til gutane, deltek også Hafslo-jentene Mari Urdal Cirotzki og Anna Grindhaug på Norway Cup 2019 saman med IL Jotun sitt 11ar-lag i klasse jenter 14 år. Jentene spelar sin første kamp i dag, søndag 28.juli kl.1050.

Heile kampoppsettet og resultatoppdatering finn du på Norway Cup sine nettsider:
https://results.cupmanager.net/6339495,2019,nb/

Det blir spanande å følgje med korleis det går med gutane og jentene våre som er med på ei av verdas største fotballturneringar for born og ungdom. Det kjem oppdateringar undervegs på Facebook-sida vår i dagane som kjem, så følg med!

NB: Hafslo G13/14 sin kamp mot Ullern IF i dag søndag 28.juli kl.1610 vert streama direkte på Nettavisen sine sider under «Direkte sport». NB: For å sjå kampen treng du abonnement. Sjå meir info på www.nettavisen.no.

Vi håpar spelarane, trenarane, foreldra og supporterane frå Hafslo IL får ei flott fotballveke i Oslo, og ønskjer alle saman lukke til!