Supersøndag på Hafslo med fotballkamp og Haustmarknad søndag 3.november 2019

Søndag 3.november er det klart for supersøndag på Hafslo med både fotballkamp og Hafslo IL sin Haustmarknad.

Hafslo J13/14 har hatt ein flott sesong, og som puljevinnarar etter haustsesongen, skal jentene spele KM-sluttspelkamp mot Eid IL J13/14 på kunstgrasbana kl.13 i morgon. Det blir spanande!

Kl.15 startar årets Haustmarknad i Samfunnsbygget. Her blir det tradisjonelt program med åresal, premieutdeling barnetrim og Trimmian 2019, Amerikansk auksjon, tippekonkurransar og trekning av gjennomgangslodd og barnebok.

NB: Haustmarknaden startar med åresal i år, så om du vil vere med i kampen om alle dei flotte gevinstane vi har fått, må du møte kl.15! Etter to åresal, vert det premieutdeling barnetrim og Trimmian 2019.

Takk til alle som har støtta oss med gevinstar til årets Haustmarknad! Vi har fått utruleg mange flotte gevinstar, og er veldig takknemlege! Det er også mange som har vore innom standen vår på SPAR Hafslo i dag, og vi set stor pris på det!

Takk også til loddseljarane og alle som har kjøpt lodd! Om du enno ikkje har fått kjøpt lodd, er det moglegheit for det i Samfunnsbygget frå kl.15 i morgon. Hautsmarknaden avsluttar som vanleg med trekning av vinnarane på Barneboka og gjennomgangslodda.

Vi håpar mange tek turen til kunstgrasbana kl.13 og heiar på Hafslo J13/14 i sluttspelkampen mot Eid og deretter tek turen innom Samfunnsbygget i morgon! HEIA HAFSLO!