Det nærmar seg årsmøte for Hafslo IL torsdag 13.februar 2020 kl.19. Årsmøtet vert som vanleg halde på Eikum Hotell.
Som tidlegare varsla vert årsmeldinga for 2019, og innkomne saker til årsmøtet lagt ut her på heimesida seinast ei veke før årsmøtet.
Årsmelding for 2019 finn de i lenkja nedanfor:
Nokre eksemplar av årsmeldinga vert også lagt ut på SPAR Hafslo, Hafslo Bilsenter (Esso) og Lustraporten (YX) i løpet av dei næraste dagane.
Det er komne inn 5 saker som skal vedtakast på årsmøtet. Oppdatert saksliste med innkomne saker finn de i lenkja nedanfor:
Saksutgreiing og styret sitt framlegg til vedtak i dei fem sakene under punkt 11 finn de i lenkjene nedanfor:
Som det går fram av sak 11e Sportsplan for Fotballgruppa 2020-2022, så vert framlegg til ny Sportsplan lagt ut på heimesida så snart den er klar.
Rekneskapen for 2019 er under revisjon, og vi arbeider med Budsjett 2020. Så snart desse dokumenta er klare, satsar vi på å få lagt ut på heimesida vår. Dokumenta vert uansett lagt fram for godkjenning på årsmøtet 13.februar 2020.
Vi ønskjer alle medlemene våre velkomne på årsmøtet neste torsdag. Vi minner samstundes at det berre er medlemer av idrettslaget som har røysterett.
Styret i Hafslo IL