Årsmøte Hafslo IL 2019 torsdag 13.februar 2020 kl.19 – saksdokument

Det nærmar seg årsmøte for 2019, og nedanfor finn de informasjon om revidert Sportsplan for Fotballgruppa 2020-2022 og årsrekneskapen for 2019 som skal godkjennast på årsmøtet.

Sportsplan for Fotballgruppa 2020-2022 har vore på høyring, og i lenkja nedanfor finn de framlegg til revidert sportsplan som skal vedtakast på årsmøtet:

Om nokon har innspel til revidert Sportsplan for Fotballgruppa 2020-2022 kan desse takast opp på årsmøtet komande torsdag under sak 11 e.

Årsrekneskap 2019 er under revisjon, og er ikkje formelt godkjent. Vi legg likevel ut årsrekneskapen for 2019 som er under revisjon, og åpnar for innspel til denne på årsmøtet komande torsdag under sak 8. Som det går fram av årsrekneskapen for 2019 nedanfor, ser det ut til at vi får eit overskot på kr. 268.255.

Vi minner også om at de finn årsmelding for 2019, saksliste og saksframlegg i øvrige innkomne saker på heimesida vår:
https://hafslo-il.no/2020/02/arsmelding-for-2019-og-saksliste-med-innkomne-saker-til-arsmotet-13-februar-2020/

Vi håpar mange av medlemene våre kjem på årsmøtet for 2019 på Eikum Hotell torsdag 13.februar 2020.

Styret i Hafslo IL