Per Birger Lomheim fekk tildelt Kongens fortjenstmedalje

Per Birger Lomheim fekk overrekt Kongens fortjenstmedalje under kommunestyremøtet på Eikum Hotell i dag.

Under dagens kommunestyremøte på Eikum Hotell fekk ein av våre tillitsvalde Per Birger Lomheim tildelt Kongens fortjenstmedalje for sin enorme frivillege innsats for idretten i meir enn 60 år. Per Birger vart tydeleg overraska og rørt då han fekk tildelt den velfortente medaljen av ordførar Ivar Kvalen i byrjinga av kommunestyremøtet.

Kongens fortjenstmedalje vart stifta av Kong Haakon VII 1. februar 1908, og vert utdelt som belønning for innsats av særleg samfunnsgavnleg natur på områder som kunst, kultur, vitenskap, næringsliv, sosialt og humanitært arbeid.

Per Birger var invitert til dagens kommunestyremøte for å orientere kommunestyret i Luster om historia til Sogn Skisenter, og visste lite om at det var heilt andre årsaker til at han var invitert. Det var berre eit fåtal personar som visste om tildelinga. Medan Per Birger var godt i gong med innlegget sitt, kom inviterte familiemedlemer, styremedlemer og representantar frå skikrinsen og hoppmiljøet inn i salen. Ordføraren tok ordet og bad Per Birger om å sette seg.

Ordførar Ivar Kvalen heldt ei flott tale til Per Birger med grunngjevinga for tildelinga, som kort kan oppsummerast slik:

I meir enn 50 år har Per Birger vore aktiv, leiar, trenar og eit stort førebilete for born og unge. Han har i årevis lagt ned eit enormt arbeid for idretten på Hafslo, i Luster og i Sogn og Fjordane Skikrins. 

I tillegg til eit sterkt lokalt engasjement har Per Birger over tid lagt ned eit stort arbeid i Sogn Skikrins, først som krinsinstruktør i hopp frå 1970-1980, medlem og leiar av hopputvalet, anleggsutvalskontakt frå 1970-1986, anleggsrådgjevar for hopp i 1974 og langrenn i 1983 i Norges Skiforbund. Han har også konstruert Kvamsbakkane på Hafslo, Kleivabakkane på Langeland i Førde og Seljesetbakken i Hornindal, og har vore kretsdommar i hopp frå 1984 og forbundsdommar frå 1987.

Han var med på å dra i gong turrennet Hafslovatnet Rundt i 1962 (som første turrenn i Sogn og Fjordane). I nyare tid er han kjend som «primus motor» for etablering av Sogn Skisenter på Heggmyrane.

Per Birger er framleis sterkt engasjert innan skiidretten både som aktiv hoppar, eldsjel og dommar, og har betydd enormt for hoppsporten både lokalt og regionalt.

Etter at Per Birger hadde fått overrekt medaljen, fekk leiar i Hafslo IL høve til å gratulere og overreke ei lita merksemd på vegner av idrettslaget. I tillegg fekk Per Birger gratulasjonar og flotte ord frå styreleiar i skikrinsen Finn Årdal og hoppveteran Nils Olav Kongsvik.

Takk til ordførar Ivar Kvalen og Luster kommune som sørga for at dette vart ei flott markering. Dette er først og fremst ein stor dag for Per Birger og familien. Men det er utvilsamt ein stor og stolt dag for Hafslo Idrettslag også, når ein av våre tillitsvalde og største eldsjeler får ei slik stor og velfortent utmerking!

Hafslo Idrettslag er svært takknemlege for den frivillege innsatsen Per Birger har lagt ned, og framleis gjer for idrettslaget i bygda vår. Og ikkje minst må vi takke kona Sigrun og resten av familien for at Per Birger har fått lov å bruke so mykje av fritida si på frivilleg arbeid for idrettslaget i meir enn 50 år.

Alle styremedlemer, tillitsvalde, medlemer og andre støttespelarar i Hafslo Idrettslag sender store gratulasjonar til Per Birger og resten av familien i dag!

Per Birger i sitt rette element saman med unge og lovande skihopparar i Kvamsbakken.