Her følgjer ei samla oversikt over aktivitetar i regi av Hafslo Idrettslag i veke 7 (15.-21.februar).
Måndag 15.februar:
Kl.1700-1800: Fotball G10 i gymsalen
Kl.1800-1930: Basistrening i gymsalen – for born og unge 4.-6.klasse
Kl.1930-2100: Fotball J13/14/15/17 i gymsalen
Tysdag 16.februar:
Kl.1730-1850: Fotball G11/12 i gymsalen
Kl.1800-1900: Hoppleik ved Sogn Skisenter i regi av Hoppgruppa. Sjå info på FB-sida.
Kl.1900-2030: Fotball G13/14 i gymsalen
Onsdag 17.februar:
Kl.1730-1850: Fotball J13/14 i gymsalen
Kl.1730-1830: Skileik på Heggmyrane i regi av Barneidrettsgruppa
Kl.1800-2000: Alpintrening Sogn Skisenter – 3.klasse og oppover tom 20 år. Sjå info på FB-sida for gruppeinndeling
Kl.1800-2000: Freeski-aktivitet ved Sogn Skisenter – sjå info på FB-sida.
Kl.1900-2030: Fotball J15/17 i gymsalen
Torsdag 18.februar:
Kl.1700-1800: Idrett for Alle i regi av Trimgruppa i gymsalen – deltakarar tom 20 år – sjå info på FB-sida.
Kl.1800-1900: Langrennstrening i regi av Langrennsgruppa – born og unge ca 2.klasse og oppover tom 20 år
Kl.1830-2000: Handball – J10/11/12 i gymsalen
Fredag 19.februar:
Kl.1730-1900: Fotball i gymsalen – sjå info på FB-sida.
Søndag 21.februar:
Kl. 1800-1930: Fotball G13/14 i gymsalen
Minner også om moglegheit for påmelding og deltaking på digital skicup vinteren 2021: https://hafslo-il.no/2021/01/barneidrettsgruppa-startar-opp-korona-venleg-skicup-2021/ Både turar på Heggmyrane og andre stader på Hafslo (t.d. Hafslovatnet) kan registrerast. Følg med på FB-sida vår for informasjon.
Minner om at Trimgruppa har eit flott tilbod om trimturar som passar for medlemer i alle aldrar gjennom heile året: https://hafslo-il.no/2020/10/klart-for-ny-trimsesong-bli-trimmian-i-2021/ Hald deg i form med turar i nærområdet, og håpar mange vil nytte seg av dette aktivitetstilbodet.
Aktivitetane er for medlemer i Hafslo Idrettslag. Meir informasjon om medlemsskap i Hafslo IL finn de her: https://hafslo-il.no/2021/01/medlemsskap-hafslo-il-2021/ NB: Utsending av faktura for medlemsskap 2021 er litt forseinka. Alle som var medlemer i 2020 og ønskjer å vere medlemer i 2021 kan delta på organisert aktivitet. Nye medlemer som melder seg inn i 2021, kan delta på aktivitet etter innmelding. Så kan faktura for medlemsskap betalast seinare.
Hafslo IL følgjer med på korona-situasjonen, og vi ber alle følgje med på heimesida og FB-sida vår for oppdateringar og eventuelle endringar framover. Då det kan skje endringar i løpet av kort tid, tek vi sikte på å publisere ei oppdatert aktivitetsoversikt på heimesida vår kvar søndag framover dei komande vekene.
Vi oppmodar alle medlemene våre til å ta vare på kvarandre, vise omsyn, halde avstand og følgje dei nasjonale retningslinjene. Ved deltaking på organisert aktivitet i idrettslaget, ber vi alle følgje den informasjonen og rettleiinga de får av dei som har ansvar for aktivitetane. Så håpar vi at vi kjem tilbake til ein meir og meir normal kvardag med idrettsaktivitetar for alle etterkvart.
Vi ønskjer alle ei flott aktivitetsveke!