Langrenn vintersesongen 2022

Hafslo IL Langrenn trenar i år saman med skigruppa i IL Bjørn. Treningane starta opp med barmarkstreningar i Gaupne i haust, og er no flytta over til Leirdalen. Det kan også bli aktuelt med treningar på Heggmyrane etterkvart.

Framover blir det treningar torsdagar i Leirdalen frå kl.18.

For å delta på treningane, må du vere medlem i Hafslo Idrettslag og betale treningsavgift. Meir informasjon om medlemsskap i Hafslo IL finn du her: https://hafslo-il.no/2022/01/medlemsskap-hafslo-il-2022/ Informasjon om treningsavgift finn du her: https://hafslo-il.no/treningsavgifter/

I år er det også laga eit påmeldingsskjema for dei ulike aktivitetane på heimesida vår, og alle som er med på langrenn kan melde seg på via dette skjemaet: Påmelding aktivitetar Hafslo IL 2022

I tillegg kan alle som ønskjer å delta på langrennstreningane melder i frå til leiar i langrennsgruppa Elise Landøy på tlf. 95112973 slik at ho har oversikt over kor mange som er med frå Hafslo IL, og kan legge til i ei eiga FB-gruppa for informasjon.

Følg med på FB-sida vår for informasjon og eventuelle endringar.

Vi håpar mange vil delta på langrenn sesongen 2022.