Medlemsskap Hafslo IL 2022

Vi ønskjer alle eit riktig godt nyttår! Trass i at korona-pandemien framleis pregar samfunnet vårt, håpar vi at 2022 blir året der idrettsaktiviteten etterkvart kjem tilbake til normalen med stor aktivitet for alle aldersgrupper utan korona-restriksjonar. Hafslo Idrettslag vil iallefall gjere sitt beste for å leggje til rette for stor og variert aktivitet for alle medlemene våre i tråd med gjeldande anbefalingar og retningslinjer også i 2022.

Følg med på heimesida og Facebook-sida vår for informasjon om aktivitetar framover. NB: På heimesida vår finn de også eige innlegg med lenkjer til påmeldingskjema for ulike aktivitetar i regi av Hafslo IL sesongen 2022.

I løpet av januar vert det sendt ut e-postar til alle registrerte medlemer med informasjon om korleis du betalar medlemskontigenten for 2022. Dette skjer som tidlegare gjennom det elektroniske medlemsregisteret i Min idrett, www.minidrett.no.

Alle eksisterande og registrerte medlemer får tilsendt ein e-post frå leiar@hafslo-il.no. E-posten vert sendt til den e-postadressa som vart lagt inn ved registrering i medlemsregisteret. NB: Om du ikkje får e-post, kan du sjekke søppel-innboksen din, då det kan skje at e-posten kjem der. Det kan også hende at nokon får fleire e-postar, t.d. dersom fleire familiemedlemer. Men det er tilstrekkeleg at du opnar ein av e-postane.

For å betale medlemskontigenten, må du logge på profilen din i Min idrett. Du kan logge deg på Min idrett ved å klikke på lenkja i e-posten, eller du kan gå til www.minidrett.no. Du må ha oppretta brukar i Min idrett for å kunne logge på. Har du gløymt brukarnamn eller passord, kan du bestille nytt via passord eller e-post. Nærare rettleiing om korleis du betalar medlemskontigenten i Min idrett finn du i lenkja nedanfor:

Nye medlemer finn også meir informasjon om korleis ein registrerer seg som medlemer i lenkja over. Generell informasjon om medlemsskap i idrettslaget finn ein på heimesida vår, www.hafslo-il.no via denne lenkja: Medlemsskap Hafslo IL

Ved eventuelle spørsmål kan de ta kontakt med:

Medlemsansvarleg Erna Hamrum, e-post erna.hamrum@gmail.com el. tlf. 99 39 56 32.

Leiar Ove Midtbø, e-post ovemidtbo@hotmail.com el. tlf. 41 37 56 55.

Vi håpar alle registrerte medlemer ønskjer å halde fram som medlemer i Hafslo Idrettslag også i 2022, og ønskjer alle nye velkomne som medlemer i idrettslaget vårt!

Styret i Hafslo IL