Det er fantastisk at det er så mange born og unge som ynskjer å være med i skibakken på onsdagane. Alpingruppa ynskjer å lage eit best mogleg tilbod, slik at flest mogleg finn seg til rette på treningane.
Lars Olav har på vegner av Alpingruppa utarbeidd litt informasjon med plan og organisering av skitreningane for alpint framover. Meir informasjon finn de i lenkja nedanfor:
Alle som deltek i alpint/freeski i Hafslo IL må vere medlemer av idrettslaget, og vi ønskjer også at alle melder seg på i eige skjema på heimesida (du melder deg berre på ein gong og ikkje for kvar gong du deltek). Informasjon om medlemskap og påmelding finn de på heimesida vår:
MEDLEMSSKAP 2022: https://hafslo-il.no/2022/01/medlemsskap-hafslo-il-2022/
PÅMELDING 2022: https://hafslo-il.no/2022/01/pamelding-til-aktivitetar-i-regi-av-hafslo-il-sesongen-2022/
Vi håpar på flotte skiforhold ved Sogn Skisenter og mange flotte alpint og freeski-treningar på onsdagane framover. Følg med på Facebook-sida vår for informasjon og eventuelle endringar.